10/10 – Hervorragend
Odd-Geir
14. Apr. 2025
Gut: Sauberkeit und Komfort des Zimmers
Vår i Sorrento
For ein stad, Sorrento! Like utanfor den gamle bymuren ligg Blue Rooms. Ikkje hotell, men nokre private rom med den beste service ein kan få. Marco er nærast ein personleg assistent for gjestene sine. Alt kan han ordna! Reise frå Napoli flyhavn, til Pompei, båt til Capri og kva ein ellers ynskjer. Sjølve byen kan travast til fots utan problem. Ein bur ved Ibsen-parken, ja Henrik Ibsen budde her i mange år. No er bustaden hans vorte eit stort hotell, men ein kan spørja om å få sjå der han heldt til. Peer Gynt er skriven her. Ved sjøen kan ein få servert fisk og middelhavsprodukt. I Sorrento finst ein restaurant som nærast har pastashow, og der ein bur er det ein restaurant med asiatisk mat kor kelnaren er erstatta med nettbrett, alt elegant og uvant. Fullt av kos og god kjensle over alt i Sorrento! Reis dit og ha det kjekt! Ikkje køyr bil, ta tog buss eller shuttle.
Odd-Geir
Aufenthalt von 4 Nächten im April 2025